REGLER FOR PÅMELDING/DELTAKING PÅ
NORSK FRUKT & LAKSEFEST, HJELMELAND
3. og 4.september
2010
PÅMELDING/BETALING
1. Dei som er interessert i å delta på NORSK
FRUKT & LAKSEFEST sender utfylt påmeldingsskjema som ein får ved
kontakt til NORSK FRUKT & LAKSEFEST
Tlf
980 89 799, eller på vår heimeside: www.fruktoglaks.no
2. Endeleg påmeldingsfrist er 17.juni 2010. Vi reknar
deg som påmeld når vi har mottatt påmeldingsskjema og registret innbetaling av
påmeldingsgebyret. Etter påmelding får alle som har betalt ein stadfesting på
det. Dei som har fått plass får beskjed om kva dei har blitt tildelt, og
rekning på standleie. Dei som ikkje får plass, vil også få beskjed. – Desse
står automatisk på "venteliste" dersom nokre av dei som har fått
plass skulle trekkje seg.
3. Dersom fleire utstillarar deler ein standsplass, må
påmeldingsgebyret gangast med tal utstillarar. Unntak er lag/organisasjonar.
Dei betaler som om dei er éin person.
4. Frist for betaling av standsplass er 1. juli.
Dersom fristen ikkje blir halden risikerer ein at plassen blir tildelt andre.
5. For dei som trekker seg etter at standleiga er betalt,
kan leiga tilbakebetalast dersom vi finn ein annen utstiller som fyller
kriteria for deltaking. Påmeldingsgebyret blir i slike tilfeller ikkje
tilbakebetalt då det dekker våre administrasjonskostnader.
KRITERIAR FOR PLASSTILDELING/LODDSAL/UTDELING AV
REKLAMEMATERIELL
6. I tillegg til kvalitet på produkta, ynskjer vi å
prioritere mangfaldet innafor oppdrettsnæringa, frukt, landbruksprodukt,
husflid og handverk slik at flest mulige blir representert. Ved uttak av
utstillarar prioriterer arrangøren dei som har dette som næring.
Arrangøren
kan og, etter ei samla vurdering, ta inn andre deltakarar.
7. Organisasjonar som ynskjer å selja lodd under
festen, må søke om løyve minst 30 dagar før arrangementet. Godkjenning frå
lensmann/politi må liggje ved søknaden.
8. Det er ikkje tillat å dele ut reklamemateriell o.l.
som ikkje refererer seg til varene som deltek på festen.
ANSVARSFORHOLD
9. Standsplass / serveringsplass skal være betjent når
festen er åpen for publikum
og
skal ikkje demonterast før festen er avslutta. Den som har plassen har og
ansvar for at den er ryddig og rein.
10. Arrangørane sørgjer for reinhald av innan- og
utandørs publikumspassasjer. Reinhald av standsplass er utstillarane sitt
ansvar.
11. Arrangørane sørgjer for vanleg vakthald frå
montering kan begynne til demontering skal være avslutta, men tek ikkje ansvar
for utstilte varer og eventuelt utstyr. Utstillarane må sjølv sørgje for å
dekke nødvendige forsikringar.
12. Når utstillingen er demontert skal standplass leverast
rydda og fri for dekorasjonar, spiker o.l. Utstiller er ansvarlig for
eventuelle skader utover vanlig slitasje.
13. Alle utstillarar er bundet av dette reglementet.
Arrangør avgjer med bindande verknad tvistar om forståing av reglementet.
PRISER PÅ DELTAKING 2010:
• Påmeldingsgebyr kr. 300,-
•
Stand inne i Spinneriet, 1. og 2. etg.: kr 850,- pr.
standplass
• Stand inne i Spinneriet, 3 etg.: kr
600,- pr. standplass
•
Stand ute i Vågen /ved Spinneriet, : kr 62,50 pr. m2 (min.leige 12
m2)
•
Servering ute/inne: kr 2.300,- pr.
standplass
Straum:
Inne
er inntil 300w inkl. i standleiga.
Ute:
inntil 300w kr 400,- (pr. uttak m/dobbel
kontakt)
300w – 2000w kr 600,- (pr.
uttak m/dobbel kontakt)
2000w - 6000w kr 1.900,- (komfyr
o.l.)
Anna:
Søppeltønne: kr 50,-
Telt: kr
90,-/m2 (min. leige 12 m2)
Bord kr
50,-
Stol: kr
10,-