Framsida
 Program
 Invitasjon
 Informasjon
 Påmelding
 Regler 2010
 Nytt av året

 Torg
 Konkurransar
 Bilder 2009
 Bilder 2008
 Presseklypp
 Utstillerar
 MHR Rittet

 Kontakt

 Sponsorar

Om Norsk Frukt- og Laksefest
Norsk Frukt- og Laksefest har som mål å vera ein festdag for heile familien - der matglede og kultur står i sentrum. Viktige og tradisjonsrike ryfylkenæringar som fruktdyrking, havbruk, landbruk og kunsthandverk får høve til å presentera seg - og lokale artistar står på scena saman med profesjonelle.

Generell informasjon
Norsk Frukt -og Laksefest startar på fredagen kl.1500 med salsutstilling i Spinneriet og konsert i Hjelmeland kyrkje kl.1930. På laurdagen har vi ope i Vågen og i Spinneriet frå kl.1000-1600. Sundagen arrangerer vi sykkelritt og utstilling av gamle biler i Hjelmelandshallen frå kl.1200. Fullstendig program kjem siden.

Overnatting
Kva med eit weekendopphald i Hjelmeland denne helga? Hjelmeland har eit variert tilbod når det gjeld overnatting, som f.eks. hotell, høgstandard feriehus og hytter m.m. For informasjon eller bestilling: Ta kontakt med Hjelmeland Turistkontor, tlf. 51 75 95 00. kl. 0800-1530 t.o.m. 3. september
Sjå og heimesida til Reisemål Ryfylke: www.ryfylke.com

Parkering (gjeld laurdagen)
Dei som kjem i eigen bil bør vera ute i god tid slik at parkeringa kan løysast på best muleg måte. Parkeringsvaktar vil visa til plass. Dei av lokalbefolkninga som må bruka bil til Vågen ber me gjera dette så tidleg som muleg. Vågen blir stengd kl 09.45. Det vert sett opp buss som fraktar folk frå parkeringsområda til sentrum.

For dei som kjem med eigen båt er det molo og gjestebrygge i Hjelmelandsvågen, og båten kan fortøyast midt i festivalområdet. Delar av kaien er reservert til større fartøy som har meldt sin ankomst. Ver venleg å respektera dette.


Profil AS